Vinjerock 2023: Fjellswing
Vinjerock
Eidsbugardvegen 1915, 2985 Tyinkrysset, Norge
Møre og Romsdal
61.3745236
8.2975895
Description
Fjellswing
Har du lyst til å ha det swingande moro i fjellheimen? Meld deg på fjellswing, då vel!
Her får du moglegheita til å læra deg swing med høgt fokus på å ha det kjekt på dansegolvet. På kurset vil ein lære seg ein type 4-takts bygdeswing, ypparleg for festival og moro. Det blir fokus på enkle ting som gjer vegen ut på dansegolvet kortare. Alt i alt lite komplisert, men mykje moro. Du treng ikkje å kunna noko swing frå før, lysten til å trampe takta og ha det moro er nok.Kurset vil vara i 2 timar. Lenge nok til å ha det moro, kort nok til å ikkje gå glipp av alt anna på festivalen.Hugs å melde deg på som «førar» eller «bli ført» alt etter kva du ynskjer å dansa som. Det er ikkje nødvendig å ha dansepartner for å melda seg på.
Instruktørane er Elisabeth Mork Fjeldvær og Kristoffer Nedrehegg. Dei har fleire års swingande erfaring og likar å kombinera ulike typar swing i lag.Swing deg i mektig natur og meld deg på!
Laurdagens kurs er med Josefine Totland og Hallvars Øfstaas. Dette er ein type rockeswing som dei har lært heime sjå familie og venner. Du kan kalle det ein «kjøkkenswing» om du vil. Det er ein 4-taktsswing som passar for å lage show for eller vise seg fram langt inn i dei seine nattetimar. Dei kjem til å ha fokus på heilheit i dansen og lette turar som egnar seg til rask musikk.
Gradering: Grøn
Plassar: 20 plassar per kurs
Pris: 400,-
Tidspunkt:
Torsdag 13:00 - 15:00
Fredag 11:00 - 13:00
Laurdag 11:00 - 13:00
Laurdag 16:00 - 18:00
Utstyr:
Sko som er moleg å danse i
Godt humør
Oppmøte: Ved Vinjestatuen utanfor Eidsbugarden Hotell
This listing has no upcoming events
Start:
2023-07-22T16:00:00+02:00
End:
2023-07-22T18:00:00+02:00
This listing has no upcoming events
Start:
2023-07-22T11:00:00+02:00
End:
2023-07-22T13:00:00+02:00
This listing has no upcoming events
Start:
2023-07-21T11:00:00+02:00
End:
2023-07-21T13:00:00+02:00
This listing has no upcoming events
Start:
2023-07-20T13:00:00+02:00
End:
2023-07-20T15:00:00+02:00
Category
Sports
Tickets